NORDVEST PASSASJEN

Den største ubehaget for andre, er min største glede! Å tilbringe tid i kalde blå minusgrader under himmelen eller i telt, gir meg mengder av endorfiner og lykke. 

 

HEIST FLAGG: Til ære for våre polare heltar, Roald Amundsen og hans hjelpemenn. 

For ikkje lenge sidan kom eg heim frå Canada.  Eit eventyr gjennom nordlig arktisk klima med store og mindre rovdyr som spring over tundraen er eit praktfullt eventyr som ein eventyrar leiter etter å få oppleve, samtidig som ein får etterlate seg skispor frå Cambridge Bay til Gjoa Haven. 

Ferda gjekk 400 kilometer gjennom og over pakkis, tundra og øyer. Eit fantastisk landskap, og her som kulturen frå inuittane skapar resten av den eventyrlige følelsen som ein leiter etter i ein ekte polarekspedisjon. ingenting gjer meg meir glad av å sjå at inuittane held på tradisjonane som dei fortsett gjer her så langt nord. Sjølv om mykje er endra sidan Roald Amundsen la sine bragder og historier blant desse arktiske øyer og samfunn, held fortsatt mange fast på gamle tradisjonar og levemåte som er blitt dyrka gjennom fleire tusen år. 

Landsbyen Cambridge Bay har ein befolkning på rundt 2000, her mange av innbyggarane fortsatt lev av landet, jakte på isbjørn, brunbjørn, carribue, jerv, ulv og moskus. Her brukar dei skinn til å lage klede av, og sel varene videre til dei kvite til å få inntekt til å kjøpe det ein manglar til kosthaldet. 

På rekke og rad: Tre dagar brukte me for å forsere pakkisen, i uvissheit kva tid ein ny bjørn ville dukke opp. Det er vanskelig å få oversikt i eit slik terreng, derfor gjer det ferden ekstra spennande. 

 

Nordvestpassasjen er ei sjørute frå Atlanterhavet til Stillehavet via den arktiske øygruppa nord i Canada. Roald Amundsen vart den første som førte ei skute gjennom den vanskelige sjøvegen (1903). Reisa vart gjennomført på tre år med den lille ombygde fiskebåten «Gjøa». Skip som skal frå Asia til Europa sparer 4000 kilometer ved å benytte passasjen i motsetning til dagens shippingruter gjennom Panamakanalen.

Me kom i møte med ikkje mindre enn to isbjørnar. Truleg ei binne og ein relativt stor hannbjørn. I forsøk på å skremme vekk bjørnen etter ti varselskot frå min fars eldre dobbelløpar, og sjå store og skumle ut med eit telt flagrande i veret, bestemte me å fortsette ferden vekk frå bjørnane. Bjørnen dukka stadig opp mellom pakkisen og var ikkje særleg villig til å gi oss fred. Tre timar seinare slo me neven i bordet frå vår side og fyrte opp eit bål med søppel og bensin. Lite var ein villig på menneske etter stygg lukt frå bålet som følgde nordavinden og inn i nasen på han. Han takka for seg og sette seg ved bålet med store bevegelser og kikka på oss imens me drog pulkane våre vidare. Me gjekk gjennom natta for å vere på den sikre sida, så vi ikkje fekk bjørnebesøk i leiren. Flott møte med min første isbjørn! Takknemlig for opplevelsen og av erfaringa den gav. 

Det var ikkje berre isbjørn som viste seg frå si praktfulle side, moskus i flokk blant snøføyk, kaklande ryper, kanadagås, ferske jervespor, late selar på havisen, carribue, spor og uling av ulv, akkurat det ein ekta polarekspedisjon skal innehalde, spenning og urørt villmark. 

Uvissa om kva neste dag vil bringe, opne vatn, isbjørn, rovdyr, storm eller vanskelige isforhold gjer ein skjerpa og gir moglegheiten å kjenne på livet her og nå! Det likar eg, det er ikkje snakk om fem år i tid eller ei veke, det er å ha det bra og trygt her og nå! Det er fint i ei verden me lev i, der alle skal jage etter det perfekte liv og ha drøymelivet i boks om fem år! Naturen gir meg akkurat det eg lengtar så sårt, etter bak kvar ein sving i kvar ei tid. 

Eg sjølv har iallfall allereie planlagt opptil femten nye besøk og turar i dette mektige området! Denne turen var i samarbeid med Børge Ousland Explorations. Takk til Team Ousland som gir meg tilliten og moglegheiten å driva med det som eg elskar! Den livsstilen som gjer meg lykkelig!!! Takk til dei som deltok på turen, takk for eg fekk visa dykk vegen og så nye frø til fleire eventyr! 

canada

 

Menneskets beste venn! Ingen andre gjer Moa-hjertet meir lykkeleg enn ein polarklem frå ein polarhund. Ingen annan hund er meir rusta for ein slik tur. Ginger lånte me av ein inuittfamilie. Ho lev ute ned til minus 70 celsius grader om vinteren.