EVENTYRLYSTEN MOT 9000 MOH

Kva får ein til å bestemme seg til å klatra eit fjell, på nesten 9000 meter over havet! 

Jo, eventyrlysten! 

 

Mount Everest, er nydelig! Praktfull og vulgær! Gudinna tiltrekke seg eventyrlystne sjeler som enten har mykje penger eller er lutfattige. Fordi om ein vil det nok så får ein det til, enten ein har den økonomiske kapasiteten eller ikkje. 

 

Over lang tid fortalde eg meg sjølv at eg aldrig skulle pådra meg den risikoen å klatre eit fjell på nesten 9000 moh, eg ville heller ikkje pådra dei nermaste rundt meg den kjensla at deira Moa skulle stå ovenfor ei slik risiko.

 

(...)

 

(Foto: Joakim Slettemeås) 

 

Eg har no forstått at til meir erfaring ein sitte inne med, til meir utfordringar ønske ein seg. Større eventyr, lengre turar, og høgare mål. Det ligg i eventyrlysten, lysten på å bli kjend med fleire fjell, nye destinasjonar og andre kulturar. Nyskjerrig og villig til å ofre alt for nye mål, og nye eventyr. 

Men veien til å vara klar for ein slik utfordring kom verken gratis eller lett. For meg er dette ein livsstil, det er verken ein jobb eller ein viss periode av livet mitt, det er ein livsstil som eg vil holde på meg så lenge det er fysisk mulig! 

Min første langtur var på ski over Grønland, tidligare hadde eg blitt introdusert til friluftslivet gjennom familien min. Me tilbrakte tid i nærområde og den lokale naturen rundt oss, me reiste aldrig til syden eller utlandet. Etter vidergåande skule var eg klar for å starte livet mitt, mitt liv, ikkje kva andre forventa av meg eller kva planar dei hadde for meg. 

 

a (26).JPG

Ettersom eg reiste jorda rundt som 19 åring, kryssa Grønland deretter og gjekk Norge på langs fann eg ut at dette va «mi greie» eg hadde funnet ut kva mitt liv skulle bli, eg skulle bli eventyrar og seinare polarguide på fulltid!

Seinare stod nye destinasjonar og ekspedisjonar for tur; Nordisbreen i patagonia, på ski over Havanna beach på cuba, hundekjøring i Alaska, Kobuk river på langs i Alaska, fleire høge fjell i Himalaya, også over 8000 moh, Elbrus i Russland, Nordvest passasjen, osv ovenfor ser du erfaringane det tar å vara klar for Everest både fysisk og psykisk. Verken gratis eller lett, men verdens lykkligaste tilverelse…for meg!

Skal ein nå store mål, skal ein vara rysta for det. Ha sjølvtilitten til at ein kan klare det, men på same tida er ein ekspedisjon ein ekspedisjon når ein ikkje veit om ein vil nå målet eller ikkje. Ein har ingen garanti for suksess. Og det er akkuratt det som gjer at eg elske denna livsstilen, fordi ein føle ein leve, og veien til målet er ein av dei mest levande øyeblikka ein kan oppleve! På veien blir ein kjent med nye folk, naturen og erfaringar. 

Eg har vore på nåken turar etterkvart, som gjer meg trygg i mitt valg at eg har valgt å satse på å bli Norges yngste til toppen av verda. Eg nekte å la min alder, eller kjønn vara nokon hindring til kva eg kan oppnå i livet mitt. 

Sjølv om alt ligg til rette for at ein skal kunne nå toppen og målet sitt så er ein berre ein del av eit stort puslespel, som skal gå opp. Ein har mange forskjellige faktorar rundt seg som naturen, som er det største av det. Uten medspill ifrå naturen er ingen suksess mulig. 

Sama kva mål ein har i livet, så meinar eg at ein skal sjå på mulighetene ein har og kva hindringar ein kan håndtere, har ein det i bakhovudet har ein mulighet til å oppnå det ein ønske. Stå på ditt, og lat aldrig andre bestemma over det livet du er så heldig å få leva.